top of page

Pakke bryllaup

Me i EAstudio meiner at me skil oss ut frå andre fotografar på eit viktig område. Me har nemleg som mål å vera 2 fotografar på alle jobbar. Dette gjer at me kan fanga langt fleire situasjonar, og de får fleire bilete å velja i.



Bryllaup:
Bryllaupsdagen er ein heilt spesiell dag i livet. Me i EAstudio ønskjer å vera med å foreviga dette. Har de eigne ønskje, prøver me å få det til. Har de ikkje eigne ønskje, tek me oss av all planlegging rundt fotograferinga. Denne dagen har de sikkert meir enn nok å tenkja på.

Dette inngår i alle pakkane med bryllaupsfotografering:

Eit førebuingsmøte der me vert einige om kva de ønskjer for den store dagen.

Tilgang til eige nettgalleri der de kan sjå bileta.

Bileta i høg oppløysning levert på minnepenn ferdig redigert.

Bruksrettar til bileta. Opphavsretten har EAstudio. I praksis betyr dette at de kan bruka bileta til eigne føremål. De kan ikkje selja/dela  bileta for å tena pengar på dei.

Reiskostnadar, Kost og losji er ikkje inkludert i pakkane og kjem i tillegg.

Pakke 1


Bryllaupsbilete

Bryllaupsbilete før eller etter vigsel. Dette er ute på location. Ca. 40 bilete.


Pris inkludert alle bileta:  kr. 15.000,-

Pakke 2


Bryllaupsbilete og fotografering under vigsel
Dette er den løysinga mange vel. Etter avtale med prest/dommar tek me bilete av inngang, vigsle og utgang. I tillegg tek me nokre bilete av gjester og diverse detaljar. Me forevigar det som er kjekt å ha for ettertida. Etter vigsla dreg me til avtalt stad,  og tek bryllaupsbileta der. Samla ca. 60 bilete.


Pris inkludert alle bileta:  kr. 18.000,-

Pakke 3


Fotografering frå førebuinga til dagen tek til. under vigsel og  bryllaupsbilete etter vigsle.

Dette er ein pakke som dekker førebuing, viksle og brøllupsbileta etter vigsla. ca. 300 bilete.


Pris inkludert alle bileta:  kr. 22.000,-

Pakke 4

Heildagsfotografering
Dette er den mest omfattande pakken og gir ein unik dokumentasjon av denne spesielle dagen. Me følgjer frå pynting om morgonen og gjennom heile dagen fram til kaka vert servert på kvelden. De får bilete av alt som skjer denne dagen. Ca. 600 bilete. Ca. 600 bilete.


Pris inkludert alle bileta:  kr. 30.000,-

Video
 
Video og/eller bilete
Mange ønskjer å få foreviga den store dagen på video. Nokre synest det er vanskeleg å velgja mellom video og vanlege bryllaupsbilete. Me har laga ei spesiell løysing for dette. Dagen vert foreviga med foto
. I tillegg tek me video frå førebuingane tidleg på dagen, under vigsla, og frå festen om kvalden. På denne måten får de både video og bilete frå den store dagen.

Video: Ta kontakt for pris

bottom of page